2. Samuelsbok 11:1-3 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Året etter, på den tid då kongane plar fara i krig, sende David ut Joab med mennene sine, heile Israels-hæren. Dei herja mellom ammonittane og kringsette Rabba. Sjølv sat David heime i Jerusalem.

2. Ein gong ved kveldstid hende det at David stod opp frå senga si og gjekk og dreiv på slottstaket. Frå taket fekk han sjå ei kvinne som bada. Kvinna var svært vakker.

3. David sende bod og spurde seg føre om henne. Han fekk til svar: «Det er Batseba, dotter av Eliam og kona til hetitten Uria.»

2. Samuelsbok 11