5. David spurde ungguten som fortalde dette: «Korleis veit du at Saul og Jonatan, son hans, er døde?»
6. Guten som melde frå, svara: «Det laga seg så at eg var på Gilboa-fjellet. Der stod Saul og støtta seg på spydet sitt medan stridsvognene og ryttarane trengde hardt inn på han.
7. Han snudde seg og fekk auge på meg. Då ropa han på meg, og eg svara: Ja, her er eg.
8. Så spurde han: Kven er du? Eg svara: Eg er amalekitt.
9. Då sa han til meg: Still deg over meg og gjev meg dødsstøyten! For eg er i dødskrampe, men enno i live.
10. Så gjekk eg bort til han og gav han dødsstøyten, for eg skjøna at han ikkje hadde kunna overleva om han hadde falle. Eg tok krona han hadde på hovudet, og ringen han hadde rundt armen, eg kjem med dei hit til min herre.»
11. Då tok David tak i kleda sine og reiv dei sund. Det same gjorde alle mennene som var med han.
12. Heilt til kvelden heldt dei sørgjehøgtid og fasta og gret over Saul og Jonatan, son hans, over Herrens folk og Israels hus fordi dei var falne for sverd.
13. Så spurde David ungguten som hadde fortalt han dette: «Kvar er du frå?» Han svara: «Eg er son til ein innflyttar, ein amalekitt.»
14. Då sa David til han: «Korleis kunne du våga å leggja hand på Herrens salva og drepa han?»
15. David ropa på ein av sine unge menn og sa: «Kom hit og hogg han ned!» Mannen slo han i hel,