2. Peter 3:7-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Men dei himlar og den jord som no er, er i kraft av det same ordet sparte til elden. Dei blir haldne oppe til dommens dag, då dei gudlause skal gå under.

8. Men ein ting må de ikkje gløyma, mine kjære: For Herren er éin dag som tusen år, og tusen år som éin dag.

9. Det er ikkje rett, det somme meiner, at Herren er sein med å oppfylla lovnaden. Nei, han er tolmodig med dykk og vil ikkje at nokon skal gå tapt, men at alle skal nå fram til omvending.

10. Men Herrens dag skal koma som ein tjuv. Då skal himmelen forgå med eit drønn, elementa skal koma i brann og løysa seg opp, og jorda og alle gjerningane som er gjorde på jorda, skal koma fram i lyset.

11. Når alt skal gå i oppløysing på dette viset, kor heilagt og gudfryktig må de ikkje då leva

12. medan de ventar på at Guds dag skal koma, og skundar han fram. Då skal himlane løysa seg opp i eld og elementa brenna og smelta.

13. Men etter hans lovnad ventar vi på ein ny himmel og ei ny jord, der rettferd bur.

14. Difor, mine kjære: Medan de ventar på dette, må de leggja vinn på å bli ståande for han med fred, utan flekk og lyte.

15. Og Herrens tolmod skal de sjå som eit høve til frelse. Det same har vår kjære bror Paulus skrive til dykk, ut frå den visdomen han har fått.

2. Peter 3