2. Mange kjem til å følgja dei i deira skamlause liv, og for deira skuld blir sanningsvegen spotta.
3. Dei er grådige og fer med oppdikta ord for å få pengar ut av dykk. Men dei har alt lenge hatt dommen hangande over seg, og undergangen ligg og lurer på dei.
4. For Gud sparte ikkje englar som hadde synda, men støytte dei ned i avgrunnen, der dei blir haldne i varetekt med lenkjer i mørkret heilt til dommen.
5. Heller ikkje sparte han den gamle verda. Det var berre Noah, som forkynte rettferd, og sju andre han berga då han lét storflaumen koma over ei verd av ugudelege.
6. Byane Sodoma og Gomorra la han i oske og dømde dei til undergang; han gjorde dei til ei åtvaring for dei som seinare ville leva eit ugudeleg liv.
7. Men han berga den rettferdige Lot, som leid når han såg kor skamlaust dei lovlause levde.
8. Ja, denne rettferdige mannen, som budde midt imellom dei, pintest dag ut og dag inn i si rettferdige sjel når han såg og høyrde alle deira lovlause gjerningar.
9. Så veit då Herren å berga dei gudfryktige ut or prøvingar, men dei urettferdige held han i varetekt til straffa på dommens dag,
10. først og fremst dei som følgjer dei ureine lystene i sitt kjøt og blod og foraktar Herrens herredøme. Dei er frekke og eigenrådige og spottar dei himmelske maktene utan å skjelva.
11. Ikkje eingong englar, som står høgare i makt og styrke, kjem med spottande ord når dei ber fram klagemål frå Herren mot slike makter.
12. Men desse menneska spottar det dei ikkje kjenner. Dei er som vitlause dyr, av naturen bestemte til å bli fanga og gå til grunne. Så skal dei òg gå til grunne i sitt forfall
13. og lida vondt som løn for sin urett. Det dei likar best, er å svira midt på lyse dagen. Dei er skamflekker til vanære for dykk når dei et saman med dykk og finn si glede i å fylla seg.
14. Auga deira fråtsar i kvinner som byd seg fram, og dei er umettande på synd. Dei forfører veike sjeler, og hjartet deira har god øving i å skaffa seg vinning. Under forbanning er dei!
15. For dei har forlate den beine vegen og gått seg vill. Dei følgjer i same spor som Bileam, son til Bosor, han som elska urettmessig vinning.
16. Men han vart tala til rette for si misgjerning; eit stumt esel tala med menneskerøyst og hindra profeten i hans vitlause framferd.
17. Slike menneske er kjelder utan vatn, dei er skodde som driv med vinden. Nattemørkret ventar dei.