2. Mosebok 9:1-3 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Herren sa til Moses: «Gå til farao og sei til han: Så seier Herren, som er Gud for hebrearane: Lat folket mitt dra, så dei kan tena meg!

2. Men om du nektar dei å dra og framleis held dei att,

3. skal Herrens hand koma over buskapen din på marka med ein forferdeleg pest, både over hestane, esla, kamelane, storfeet og småfeet.

2. Mosebok 9