2. Mosebok 6:4-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Og eg oppretta mi pakt med dei for å gje dei landet Kanaan, det landet dei budde i som innflyttarar.

5. Eg har òg høyrt korleis israelittane stønnar fordi egyptarane har gjort dei til slavar, og eg kjem i hug pakta mi.

6. Sei difor til israelittane: Eg er Herren. Eg vil føra dykk bort frå tvangsarbeidet i Egypt og fria dykk frå slaveriet. Eg vil fria dykk ut med utstrekt arm og med store straffedommar.

7. Eg vil ta dykk til mitt folk og vera dykkar Gud. Då skal de kjenna at eg er Herren dykkar Gud, som fører dykk bort frå tvangsarbeidet i Egypt.

8. Og eg vil føra dykk til det landet som eg med lyft hand lova Abraham, Isak og Jakob. Eg vil gje dykk det til eige. Eg er Herren.»

9. Slik tala Moses til israelittane. Men dei høyrde ikkje på Moses, for dei var motlause på grunn av det harde arbeidet.

10. Då sa Herren til Moses:

11. «Gå og sei til farao, kongen i Egypt, at han skal la israelittane få dra ut frå landet.»

12. Men Moses svara for Herrens andlet: «Sjå, israelittane høyrer ikkje på meg. Kvifor skulle då farao høyra på meg, eg som har uomskorne lepper?»

2. Mosebok 6