2. Mosebok 6:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Herren sa til Moses: «No skal du få sjå kva eg vil gjera med farao. Ei sterk hand skal tvinga han til å la dei gå, og ei sterk hand skal tvinga han til å driva dei ut av landet sitt.»

2. Gud tala til Moses og sa: «Eg er Herren.

3. Eg synte meg for Abraham, for Isak og for Jakob som Gud, Den veldige, men under namnet mitt Herren var eg ikkje kjend for dei.

4. Og eg oppretta mi pakt med dei for å gje dei landet Kanaan, det landet dei budde i som innflyttarar.

5. Eg har òg høyrt korleis israelittane stønnar fordi egyptarane har gjort dei til slavar, og eg kjem i hug pakta mi.

2. Mosebok 6