4. Herren sa til Moses: «Rett ut handa og grip han i sporden!» Så rette han ut handa og greip han, og slangen vart til ein stav i handa hans.
5. «Dette er for at dei skal tru at Herren, deira fedrars Gud, Abrahams Gud, Isaks Gud og Jakobs Gud, har synt seg for deg.»
6. Og Herren heldt fram: «Stikk handa inn på brystet!» Han stakk handa inn på brystet og drog henne ut att. Og sjå, handa hadde fått kvite flekker, liksom snø.
7. Då sa Herren: «Stikk handa inn på brystet ein gong til!» Moses stakk handa inn på brystet, og han drog henne ut, og sjå, huda var som elles på kroppen.