17. Han laga lysestaken av reint gull. Lysestaken med fot og stamme og skålene med knoppar og blomar vart hamra ut av eitt stykke.
18. Seks armar gjekk ut frå lysestaken, tre på den eine sida og tre på den andre.
19. På den første armen var det tre skåler forma som ein mandelblom, kvar med knopp og blom, på den neste armen tre skåler forma som ein mandelblom, kvar med knopp og blom. Slik var det på alle dei seks armane som gjekk ut frå lysestaken.
20. På sjølve staken var det fire mandelforma skåler med knoppar og blomar.
21. Det var ein knopp under det første armparet, ein under det andre og ein under det tredje, det vil seia under alle dei seks armane som gjekk ut frå lysestaken.
22. Knoppane og armane gjekk i eitt med staken. Det heile var hamra ut av eitt stykke reint gull.
23. Av reint gull laga han òg dei sju lampene til lysestaken og tengene og oskeskuffene som høyrde til.
24. Ein talent reint gull brukte han til lysestaken og alt utstyret som høyrde til.
25. Han laga røykjelsesaltaret av akasietre. Det var firkanta, ei alen langt, ei alen breitt og to alner høgt. Horna på altaret gjekk i eitt med det.
26. Både toppen, sidene og horna kledde han med reint gull, og han laga ein gullkant som gjekk rundt det.
27. Nedanfor kanten, på begge sider, sette han to gullringar. Dei var haldarar for berestengene på kvar side, så altaret kunne berast.
28. Stengene laga han av akasietre og kledde dei med gull.
29. Og han laga den heilage salvingsoljen og den reine, velluktande røykjelsen slik ein salveblandar gjer det.