2. Mosebok 35:26-35 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

26. Og alle kvinner som kjende seg drivne og hadde visdom til det, spann garn av geiteragg.

27. Leiarane kom med onyks-steinar og andre steinar til å setja på efod-drakta og bryststykket,

28. og krydra balsam og olje til lampene, salvingsoljen og den velluktande røykjelsen.

29. Kvar mann og kvinne som gav av eit villig hjarte, kom fram for å gje sitt til det arbeidet som Herren gjennom Moses hadde bode dei å gjera. Slik bar israelittane fram ei frivillig offergåve til Herren.

30. Moses sa til israelittane: Sjå, Herren har valt ut Besalel, son til Uri, son til Hur frå Juda-stammen.

31. Han har fylt han med Guds ånd, med visdom, innsikt og kunnskap, og med dugleik til alle slag handverk,

32. så han kan tenkja ut og laga kunstverk i gull, sølv og bronse,

33. slipa steinar til innfatning, skjera ut i tre og gjera alle slag kunsthandverk.

34. Han har gjeve han og Oholiab, son til Ahisamak frå Dan-stammen, evna til å læra opp andre.

35. Han har fylt dei med visdom i hjartet til å gjera alt slag handverk og kunstnarleg arbeid, og til å veva i farga garn og fint lin – i purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt. Dei skal tenkja ut og laga kunsthandverk av alle slag.

2. Mosebok 35