2. I seks dagar kan det arbeidast, men den sjuande dagen skal vera heilag for dykk. Han skal vera ein sabbat, ein kviledag for Herren. Kvar den som gjer noko arbeid på den dagen, skal døy.
3. De skal ikkje gjera opp eld i nokon av bustadene dykkar på sabbatsdagen.
4. Moses tala til heile forsamlinga i Israel: Dette er det Herren har gjeve påbod om:
5. De skal gje ei offergåve til Herren av det de eig! Kvar den som gjev av eit villig hjarte, skal koma til Herren med gåva: gull, sølv og bronse,
6. purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff, fint lin og geiteragg,
7. raudfarga vêrskinn, andre fingarva skinn og akasietre,
8. olje til lampene, krydra balsam til salvingsoljen og til den velluktande røykjelsen,
9. onyks-stein og andre steinar til å setja på efod-drakta og bryststykket.
10. Alle dei av dykk som har visdom i hjartet, skal koma og laga alt det som Herren har bode dykk:
11. bustaden med telt og dekke, med krokar og plankar, tverrstenger, søyler og soklar,
12. paktkista med stenger, soningsloket og forhengsteppet,
13. bordet med stenger og alt som høyrer til, og skodebrøda,
14. lysestaken med det som høyrer til, og lampene og oljen til lampene,