2. Mosebok 34:18-35 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. Du skal halda høgtida med usyra brød. Sju dagar skal du eta usyra brød, slik eg har bode deg, til fastsett tid, i månaden abib. For i månaden abib drog du ut frå Egypt.

19. Alt som opnar morslivet, høyrer meg til; alle førstefødde hanndyr i buskapen din, anten det er storfe eller småfe.

20. Alt som opnar morslivet hos esla, skal du løysa ut med eit lam. Løyser du det ikkje ut, skal du bryta nakken på det. Kvar førstefødd blant sønene dine skal du løysa ut. Ingen må visa seg tomhendt for mitt andlet.

21. Seks dagar skal du arbeida, men den sjuande dagen skal du kvila. Sjølv om det er tid for å pløya eller hausta, så skal du kvila.

22. Du skal halda vekefesten når du haustar inn den første kveiten, og festen for innhaustinga når året er ute.

23. Tre gonger om året skal alle mennene hos deg stiga fram for Herren, Israels Gud.

24. For eg vil driva folkeslag bort for deg og utvida grensene dine. Ingen skal trå etter landet ditt medan du dreg opp for å stiga fram for Herren din Guds andlet tre gonger om året.

25. Du skal ikkje ofra blodet av slaktofferet mitt saman med noko som er syra, og offeret ved påskefesten må ikkje liggja natta over til neste morgon.

26. Det beste av førstegrøda frå jorda di skal du koma med til Herren din Guds hus. Du skal ikkje koka eit kje i mjølka frå mora.

27. Herren sa til Moses: «Skriv ned desse orda, for etter desse orda gjer eg ei pakt med deg og Israel.»

28. Moses var hos Herren i førti dagar og førti netter, og han smaka korkje mat eller drikke. Og han skreiv paktorda, dei ti boda, på tavlene.

29. Så gjekk Moses ned frå Sinai-fjellet; han hadde vitnemålet, dei to tavlene, i hendene då han gjekk ned frå fjellet. Moses visste ikkje at det stråla av andletet hans fordi Herren hadde tala med han.

30. Aron og israelittane såg at det stråla av andletet hans, og dei var redde for å koma nær han.

31. Men Moses ropa på dei, og då kom Aron og alle leiarane i forsamlinga til han, og han tala til dei.

32. Sidan kom alle israelittane til han, og Moses bar fram alle dei boda Herren hadde gjeve han på Sinai-fjellet.

33. Då Moses var ferdig med å tala med dei, la han eit slør over andletet sitt.

34. Men kvar gong han gjekk fram for Herrens andlet for å tala med han, tok han sløret bort til han skulle ut att. Og når han kom ut, tala han til israelittane om det som var sagt han føre.

35. Då såg israelittane korleis det stråla av andletet hans, og Moses la sløret over andletet att til han skulle inn og tala med Herren.

2. Mosebok 34