1. Herren sa til Moses: «Hogg ut to steintavler som er like dei første! På dei skal eg så skriva dei same orda som stod på dei første tavlene, dei du slo sund.
2. Hald deg klar til i morgon tidleg! Då skal du gå opp på Sinai-fjellet. Der skal du stilla deg fram for meg på toppen av fjellet.
3. Ingen må gå opp saman med deg, og ingen må visa seg på heile fjellet. Korkje småfe eller storfe må beita framfor fjellet.»
4. Så hogg Moses ut to steintavler som var like dei første. Tidleg neste morgon gjekk han opp på Sinai-fjellet, slik Herren hadde bode han, og han hadde begge steintavlene med seg.