2. Mosebok 33:10-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Når folket såg skysøyla stå ved inngangen til teltet, reiste dei seg alle saman, bøygde seg og tilbad, kvar ved si teltopning.

11. Så tala Herren med Moses, andlet til andlet, slik som menneske snakkar med kvarandre. Sidan gjekk Moses tilbake til leiren. Men tenaren hans, ein ung gut som heitte Josva, son til Nun, gjekk aldri frå teltet.

12. Moses sa til Herren: «Sjå, du seier at eg skal føra dette folket opp, men du lèt meg ikkje vita kven du vil senda med meg. Likevel har du sagt: Eg kjenner deg ved namn, og du har funne nåde for auga mine.

13. Er det slik at eg har funne nåde for auga dine, så syn meg no vegen din, så eg kan læra deg å kjenna og finna nåde hos deg. Kom i hug at dette er ditt folk!»

14. Han svara: «Andletet mitt skal gå med, og eg skal la deg få ro.»

15. Då sa Moses: «Dersom ikkje andletet ditt går med, må du ikkje føra oss opp herifrå!

16. Korleis kan ein elles vita at eg og folket ditt har funne nåde for auga dine, dersom du ikkje går med oss? Slik skal eg og folket ditt bli skilt ut frå alle andre folk på jorda.»

17. Då sa Herren til Moses: «Også dette som du bed om, vil eg gjera, for du har funne nåde for auga mine, og eg kjenner deg ved namn.»

18. «Lat meg då få sjå herlegdomen din!» sa Moses.

19. Han svara: «Eg vil la all min godhug gå framom deg og ropa ut for deg namnet Herren. For eg er nådig mot den eg viser nåde, og miskunnsam mot den eg viser miskunn.

20. Du kan ikkje få sjå andletet mitt», sa han; «for eit menneske kan ikkje sjå meg og leva.»

21. Herren sa: «Sjå, her innved meg er det plass, still deg opp her på berget!

22. Når så herlegdomen min går framom, vil eg la deg stå i bergskòra, og eg vil dekkja deg med handflata til eg er komen forbi.

23. Så vil eg ta handa mi bort; då kan du sjå meg bakanfrå, men andletet mitt kan ingen sjå.»

2. Mosebok 33