40. Til Arons søner òg skal du laga kjortlar og belte og turbanar, til ære og pryd.
41. Dette skal du ha på Aron, bror din, og sønene hans. Og du skal salva dei, innsetja dei og helga dei, så dei kan gjera presteteneste for meg.
42. Lag linbukser til dei så den nakne kroppen blir dekt. Dei skal gå frå hoftene og ned på låra.