2. Mosebok 28:25-34 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

25. Dei andre to endane av gullsnorene skal du festa i dei to innfatningane, og dei skal du setja på akslebanda til efoden, på framsida.

26. Så skal du laga to gullringar til og setja dei i dei to andre hjørna av bryststykket, ved den indre kanten som vender inn mot efod-drakta.

27. Endå to gullringar skal du laga. Dei skal du setja nedst på dei to akslebanda på framsida, ved saumen over beltet på efoden.

28. Ringane på brystduken skal du binda til ringane på efoden med ei purpurblå snor, slik at bryststykket blir sitjande over beltet og ikkje losnar frå drakta.

29. Når Aron går inn i heilagdomen, skal han ved hjartet sitt bera namna til Israels søner på bryststykket for domsavgjerder. Det skal vera som ei stadig påminning om dei framfor Herrens andlet.

30. I bryststykket skal du leggja urim og tummim. Dei skal liggja ved hjartet til Aron når han stig fram for Herren. Aron skal alltid bera domsavgjerdene for Israels søner innved hjartet sitt for Herrens andlet.

31. Kappa som høyrer til efod-drakta, skal vera einsfarga purpurblå.

32. Midt på henne skal det vera ei opning for hovudet med ein voven kant rundt. Ho skal vera som opninga på ei brynje, slik at ho ikkje rivnar.

33. Rundt på den nedre kanten av kappa skal du setja granateple av purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt garn, og mellom dei gullbjøller heilt rundt.

34. Ei gullbjølle og eit granateple, så ei gullbjølle og eit granateple, slik skal det vera nedst rundt heile kanten på kappa.

2. Mosebok 28