2. Mosebok 28:10-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. seks namn på den eine steinen og dei andre seks på den andre steinen, etter alderen.

11. Som ein handverkar graverer inn eit signet i stein, skal du gravera inn namna til Israels søner på desse to steinane. Du skal setja dei inn i innfatningar av gull.

12. Så skal du setja begge steinane på akslebanda til efoden. Dei skal minna om Israels søner. På akslene skal Aron bera namna fram for Herrens andlet som ei påminning.

13. Du skal laga innfatningar av gull

14. og to kjeder av reint gull. Kjedene skal vera fletta som ein flettar snorer. Desse kjedene skal du festa til innfatningane.

15. Du skal laga eit bryststykke for domsavgjerder. Det skal vera i kunstvevnad slik som efod-drakta. Av gull, purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff og fint, tvinna lin skal du laga det.

16. Bryststykket skal vera firkanta og bretta dobbelt, eitt fingerspenn langt og eitt fingerspenn breitt.

17. På bryststykket skal du setja fire rader med steinar i innfatning. I den eine rada skal det vera ein rubin, ein topas og ein smaragd,

2. Mosebok 28