6. Og du skal laga femti krokar av gull. Med dei skal du hekta dukane saman så bustaden blir ein heilskap.
7. Du skal laga dukar av geiteragg til eit telt over bustaden. Elleve slike dukar skal du laga.
8. Kvar duk skal vera tretti alner lang og fire alner brei. Alle dei elleve dukane skal ha same mål.
9. Fem av dukane skal du festa i hop for seg, og seks for seg. Den sjette duken, på framsida av teltet, skal du leggja dobbelt.
10. I kanten av den duken som er ytst på det eine samansydde stykket, skal du laga femti hemper, og i kanten av det andre stykket femti hemper.
11. Og du skal laga femti krokar av bronse og hekta dei i hempene. Slik skal du festa teltet saman til ein heilskap.