2. Berre Moses skal nærma seg Herren, dei andre må ikkje koma nær. Og folket skal ikkje gå opp saman med han.»
3. Moses kom og kunngjorde alle Herrens ord og forskrifter for folket. Då svara dei samrøystes: «Alt Herren har sagt, vil vi gjera.»
4. Så skreiv Moses ned alle orda frå Herren.Neste morgon stod han tidleg opp og bygde eit altar ved foten av fjellet og reiste tolv steinstøtter for Israels tolv stammar.
5. Han sende ut nokre unge israelittar for å bera fram brennoffer og slakta oksar som fredsoffer for Herren.
6. Moses tok halvparten av blodet og helte det i skåler; den andre halvparten stenka han på altaret.
7. Så tok han paktboka og las henne høgt for folket, og dei sa: «Vi vil vera lydige og gjera alt Herren har sagt.»
8. Då tok Moses blodet, stenka det på folket og sa: «Sjå, dette er paktblodet, den pakta Herren har gjort med dykk på grunnlag av alle desse orda.»
9. Moses og Aron, Nadab og Abihu og sytti av dei eldste i Israel gjekk då opp
10. og fekk sjå Israels Gud. Under føtene hans var det som eit golv av safir, klårt som himmelen sjølv.