2. Mosebok 23:30-33 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

30. Litt etter litt vil eg driva dei ut for deg, til du blir så talrik at du kan ta landet i eige.

31. Eg skal la landegrensene dine nå frå Sivsjøen til Filistarhavet, frå ørkenen til Eufrat. For eg vil gje dei som bur i landet, i di hand, og du skal driva dei bort framfor deg.

32. Du skal ikkje gjera noka pakt med dei og med gudane deira.

33. Dei må ikkje bli buande i landet ditt, så dei får deg til å synda mot meg. For dyrkar du gudane deira, blir det til ei snare for deg.

2. Mosebok 23