1. Når nokon stel ein okse eller eit lam og slaktar eller sel dyret, skal han som vederlag for oksen gje fem oksar og for lammet fire lam.
2. Dersom ein tjuv blir oppdaga medan han bryt seg inn, og han blir slegen så han døyr, då blir det ikkje rekna som blodskuld.
3. Men skjer det etter at sola har runne, blir det rekna som blodskuld.Ein tjuv skal gje full skadebot. Eig han ingenting, skal han seljast som vederlag for det han har stole.