2. Mosebok 20:9-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Seks dagar skal du arbeida og gjera all di gjerning,

10. men den sjuande dagen er sabbat for Herren din Gud. Då skal du ikkje gjera noko arbeid, korkje du eller son din eller dotter di, korkje slaven din eller slavekvinna di, korkje buskapen din eller innflyttaren som bur i byane dine.

11. For på seks dagar laga Herren himmelen og jorda, havet og alt som er i dei; men den sjuande dagen kvilte han. Difor velsigna Herren sabbatsdagen og helga han.

12. Du skal heidra far din og mor di, så du kan leva lenge i det landet Herren din Gud gjev deg.

13. Du skal ikkje slå i hel.

14. Du skal ikkje bryta ekteskapet.

15. Du skal ikkje stela.

16. Du skal ikkje vitna falskt mot nesten din.

17. Du skal ikkje trå etter huset til nesten din. Du skal ikkje trå etter kona til nesten din, slaven eller slavekvinna hans, oksen eller eselet hans eller noko anna som høyrer nesten din til.

18. Heile folket var vitne til torebraka og lynglimta, lyden av bukkehorn og røyken frå fjellet. Folket såg det og skalv og vart ståande langt borte.

19. Dei sa til Moses: «Tal med oss du, så skal vi høyra! Men lat ikkje Gud tala med oss, for då kjem vi til å døy.»

20. Då sa Moses til folket: «Ver ikkje redde! Gud er komen for å setja dykk på prøve, og for at de skal frykta han så de ikkje syndar.»

2. Mosebok 20