2. Mosebok 20:23-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

23. De skal ikkje laga dykk nokon gud ved sida av meg. Gudar av sølv eller gull skal de ikkje laga dykk.

24. Eit altar av jord skal du laga for meg. På det skal du ofra brennoffera og fredsoffera dine og småfeet og storfeet ditt. Overalt der eg lèt namnet mitt nemnast, skal eg koma til deg og velsigna deg.

25. Men om du lagar eit steinaltar for meg, skal du ikkje byggja det av hoggen stein. For bruker du meisel på steinane, vanhelgar du dei.

26. Du skal ikkje gå opp til altaret mitt på trapper, så du ikkje skal koma til å blotta deg framfor det.

2. Mosebok 20