2. Mosebok 20:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Gud tala alle desse orda:

2. Eg er Herren din Gud, som førte deg ut frå Egypt, ut frå slavehuset.

3. Du skal ikkje ha andre gudar enn meg.

4. Du skal ikkje laga deg gudebilete, inga etterlikning av noko som er oppe i himmelen eller nede på jorda eller i vatnet under jorda.

5. Du skal ikkje tilbe dei og ikkje la deg lokka til å dyrka dei! For eg, Herren din Gud, er ein nidkjær Gud som straffar borna i tredje og fjerde slektsledd for synda til fedrane når dei hatar meg,

6. men viser trufast kjærleik i tusen slektsledd mot dei som elskar meg og held boda mine.

7. Du skal ikkje misbruka namnet til Herren din Gud, for Herren lèt ikkje den gå fri som misbruker namnet hans.

8. Hugs på sabbatsdagen og hald han heilag.

9. Seks dagar skal du arbeida og gjera all di gjerning,

2. Mosebok 20