4. Den andre heitte Elieser, for: «Gud til far min kom meg til hjelp og berga meg frå sverdet til farao.»
5. No kom Jetro, svigerfar til Moses, til han i ørkenen med sønene og kona hans. Der i ørkenen hadde Moses slege leir ved Guds fjell.
6. Han sende bod til Moses og sa: «Eg, Jetro, svigerfar din, kjem til deg med kona di og dei to sønene hennar.»
7. Då gjekk Moses ut og kom svigerfar sin til møtes. Han bøygde seg ned for han og kyste han. Dei helsa på kvarandre og gjekk så inn i teltet.
8. Moses fortalde svigerfar sin om alt det Herren hadde gjort med farao og egyptarane for Israels skuld, om alt slitet og strevet på vegen og korleis Herren hadde berga dei.
9. Jetro gledde seg over alt det gode som Herren hadde gjort mot Israel, at han hadde berga dei frå handa til egyptarane.
10. Jetro sa: «Velsigna er Herren som har berga dykk frå farao og egyptarane, og som har berga folket frå undertrykkinga i Egypt.
11. For egyptarane handla i overmot mot dei, men no veit eg at Herren er større enn alle gudar.»
12. Jetro, svigerfar til Moses, bar fram brennoffer og slaktoffer for Gud. Og Aron og alle dei eldste i Israel kom og åt med han framfor Guds andlet.
13. Dagen etter sat Moses og skifte rett blant folket. Dei stod omkring han frå morgon til kveld.
14. Då svigerfar hans såg alt det han hadde å gjera for dei, sa han: «Kva er det du tek på deg for folket? Kvifor sit du åleine og dømmer medan heile folket står oppover deg frå morgon til kveld?»
15. Moses svara svigerfar sin: «Folket kjem til meg for å spørja Gud om råd.
16. Når dei har sak, kjem dei til meg, og eg skifter rett mellom dei. Eg gjer dei kjende med Guds forskrifter og lover.»
17. Då sa svigerfar hans: «Det er ikkje bra det du gjer.
18. Du kjem til å slita ut både deg sjølv og folket som er hos deg. Dette er altfor tungt for deg, du kan ikkje gjera det åleine.
19. Høyr no på meg! Eg vil gje deg eit råd, og Gud skal vera med deg. Du skal stiga fram for Gud på vegner av folket og leggja sakene deira fram for han.