2. Mosebok 18:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Jetro, presten i Midjan, var svigerfar til Moses. Han fekk høyra om alt det Gud hadde gjort for Moses og for Israel, folket sitt – at Herren hadde ført Israel ut frå Egypt.

2. Då tok Jetro, svigerfar til Moses, med seg Sippora, kona hans, som Moses hadde sendt heim,

3. og dei to sønene hennar. Den eine heitte Gersjom, for Moses hadde sagt: «Eg har vorte innflyttar i framandt land.»

4. Den andre heitte Elieser, for: «Gud til far min kom meg til hjelp og berga meg frå sverdet til farao.»

5. No kom Jetro, svigerfar til Moses, til han i ørkenen med sønene og kona hans. Der i ørkenen hadde Moses slege leir ved Guds fjell.

6. Han sende bod til Moses og sa: «Eg, Jetro, svigerfar din, kjem til deg med kona di og dei to sønene hennar.»

7. Då gjekk Moses ut og kom svigerfar sin til møtes. Han bøygde seg ned for han og kyste han. Dei helsa på kvarandre og gjekk så inn i teltet.

8. Moses fortalde svigerfar sin om alt det Herren hadde gjort med farao og egyptarane for Israels skuld, om alt slitet og strevet på vegen og korleis Herren hadde berga dei.

9. Jetro gledde seg over alt det gode som Herren hadde gjort mot Israel, at han hadde berga dei frå handa til egyptarane.

10. Jetro sa: «Velsigna er Herren som har berga dykk frå farao og egyptarane, og som har berga folket frå undertrykkinga i Egypt.

2. Mosebok 18