2. Folket tretta med Moses og sa: «Gjev oss vatn så vi får drikka!» Moses svara: «Kvifor trettar de med meg? Kvifor set de Herren på prøve?»
3. Men folket tørsta etter vatn. Dei klaga til Moses og sa: «Kvifor har du ført oss opp frå Egypt? Vil du at vi og borna våre og buskapen vår skal døy av tørste?»
4. Då ropa Moses til Herren og sa: «Kva skal eg gjera med dette folket? Snart steinar dei meg!»
5. Herren sa til Moses: «Ta med deg nokre av dei eldste i Israel og gå føre folket. Og staven som du slo på Nilen med, skal du ta med deg når du går.