25. Salomo hadde fire tusen stallplassar for hestar og vogner og tolv tusen ryttarar. Av dei plasserte han somme i vognbyane og somme hos seg sjølv i Jerusalem.
26. Han herska over alle kongane frå Eufrat til filistarlandet og heilt til grensa mot Egypt.
27. Kongen gjorde sølv like vanleg i Jerusalem som stein, og sedertre like vanleg som morbærtre i låglandet.
28. Dei henta hestar til Salomo frå Egypt og frå alle andre land.
29. Det som elles er å seia om Salomo, frå først til sist, det står skrive i boka til profeten Natan, i profetiane av Ahia frå Sjilo og i syna til sjåaren Iddo om Jeroboam, son til Nebat.
30. I førti år var Salomo konge i Jerusalem og rådde over heile Israel.
31. Så gjekk Salomo til kvile hos fedrane sine. Han vart gravlagd i byen til David, far sin. Rehabeam, son hans, vart konge etter han.