2. Krønikebok 9:12-30 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Kong Salomo gav dronninga av Saba alt det ho hadde lyst på og bad om, i tillegg til gåver som takk for det ho hadde hatt med til kongen. Så braut ho opp og drog heim att til landet sitt saman med tenarane sine.

13. Det gullet som Salomo fekk inn på eitt år, vog 666 talentar.

14. Attåt det kom avgiftene frå dei handelsreisande og kjøpmennene som innførte varer. Alle arabarkongane og statthaldarane i landet kom òg med gull og sølv til Salomo.

15. Kong Salomo fekk laga to hundre store skjold av hamra gull; til kvart skjold gjekk det med seks hundre sjekel gull.

16. Han fekk òg laga tre hundre små skjold av hamra gull; til kvart av dei gjekk det med tre hundre sjekel gull. Alle desse skjolda sette kongen i Libanon-skoghuset.

17. Kongen fekk òg laga ein stor kongsstol av elfenbein og kledde han med reint gull.

18. Kongsstolen hadde seks trappesteg og ein fotskammel av gull, som var fest til han. På begge sider av setet var det armlene, og ved kvart av dei stod det ei løve.

19. På dei seks trappestega stod det tolv løver, seks på kvar side. Ein slik kongsstol har aldri vore laga i noko anna kongerike.

20. Alle drikkekara til kong Salomo var av gull, og alt utstyret i Libanon-skoghuset var av reint gull. Sølv vart ikkje rekna for noko i Salomos dagar.

21. For kongen hadde skip som gjekk til Tarsis med nokre av mennene til Hiram. Ein gong kvart tredje år kom Tarsis-skipa heim, lasta med gull og sølv, elfenbein, apekattar og påfuglar.

22. Kong Salomo vart større enn alle kongane på jorda i rikdom og visdom.

23. Og alle kongane på jorda søkte til Salomo for å høyra den visdomen Gud hadde lagt ned i hjartet hans.

24. Kvart år kom dei med gåver til han, ting av sølv og gull, kapper, våpen, balsamoljar, hestar og muldyr.

25. Salomo hadde fire tusen stallplassar for hestar og vogner og tolv tusen ryttarar. Av dei plasserte han somme i vognbyane og somme hos seg sjølv i Jerusalem.

26. Han herska over alle kongane frå Eufrat til filistarlandet og heilt til grensa mot Egypt.

27. Kongen gjorde sølv like vanleg i Jerusalem som stein, og sedertre like vanleg som morbærtre i låglandet.

28. Dei henta hestar til Salomo frå Egypt og frå alle andre land.

29. Det som elles er å seia om Salomo, frå først til sist, det står skrive i boka til profeten Natan, i profetiane av Ahia frå Sjilo og i syna til sjåaren Iddo om Jeroboam, son til Nebat.

30. I førti år var Salomo konge i Jerusalem og rådde over heile Israel.

2. Krønikebok 9