11. Så gjekk prestane ut av heilagdomen. For alle prestane som fanst der, hadde helga seg, same kva avdeling dei høyrde til,
12. og alle levittsongarane, både Asaf, Heman og Jedutun og sønene og brørne deira stod der på austsida av altaret, kledde i lin, med symbalar, harper og lyrer, og i lag med dei hundre og tjue prestar som bles i trompetar.
13. På éin gong sette trompetblåsarane og songarane i med éi røyst for å takka og lova Herren til lyden av trompetar, symbalar og andre musikkinstrument. Dei lova Herren: «For han er god, evig varer hans miskunn.» Då vart tempelet, Herrens hus, fylt av ei sky.
14. Prestane kunne ikkje stå og gjera teneste for skya skuld; for Herrens herlegdom fylte Guds hus.