9. Men Manasse førte dei vill, dei som budde i Juda og Jerusalem, så dei gjorde endå meir vondt enn dei folkeslaga som Herren hadde rydda ut for israelittane.
10. Då tala Herren til Manasse og folket hans, men dei ville ikkje lyda etter.
11. Difor lét Herren hærførarane til assyrarkongen koma mot dei. Dei fanga Manasse med krokar, batt han med bronselenkjer og førte han til Babel.
12. Men då han var i naud, bad han om velvilje for Herren sin Guds andlet. Han audmjuka seg djupt for sine fedrars Gud.