1. Hiskia sende bod ikring i heile Israel og Juda, han skreiv òg brev til Efraim og Manasse, om at dei skulle koma til Herrens hus i Jerusalem og halda påske for Herren, Israels Gud.
2. Kongen, stormennene og heile forsamlinga i Jerusalem hadde vorte samde om å halda påske i den andre månaden.
3. Dei kunne ikkje gjera det til rett tid, for det var ikkje prestar nok som hadde helga seg, og folket var enno ikkje samla i Jerusalem.
4. Både kongen og heile forsamlinga tykte det var rett å gjera det såleis.
5. Difor sette dei seg føre å senda ut ei kunngjering i heile Israel, frå Beer-Sjeba til Dan, om at folk skulle koma og halda påske i Jerusalem for Herren, Israels Gud. For det var få som hadde halde påske etter forskriftene.
6. Etter kongens ordre drog ilbod omkring i heile Israel og Juda med breva frå kongen og stormennene:«Israelittar, vend om til Herren, Abrahams, Isaks og Israels Gud, så skal han venda seg til den resten av dykk som har sloppe unna handa til assyrarkongen.