2. Krønikebok 24:20-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

20. Då kom Guds ande over Sakarja, son til presten Jojada. Han steig fram for folket og sa til dei: «Så seier Gud: Kvifor bryt de Herrens bod? De kjem ikkje til å lukkast. De har forlate Herren, difor forlèt han dykk.»

21. Men dei fekk i stand ei samansverjing mot han, og dei steina han i føregarden til Herrens hus på bod frå kongen.

22. Kong Joasj hugsa ikkje den kjærleiken som Jojada, far til Sakarja, hadde vist han, og han drap sonen. Rett før han døydde, ropa han: «Må Herren sjå og gjengjelda dette!»

23. Før året var ute, drog ein hær av aramearar opp mot kong Joasj. Dei kom til Juda og Jerusalem og utrydda alle stormennene i folket. Alt byttet dei tok, sende dei til kongen i Damaskus.

2. Krønikebok 24