2. Nokre år seinare drog han ned til Ahab i Samaria. Ahab slakta ei stor mengd med småfe og storfe for han og dei mennene han hadde med seg, og overtala han til å dra opp mot Ramot i Gilead.
3. «Vil du gå med meg mot Ramot i Gilead?» sa Ahab, Israels-kongen, til Josjafat, Juda-kongen. Og han svara: «Eg som du, mitt folk som ditt folk. Vi går med deg i krigen.»
4. Men sidan sa Josjafat til Israels-kongen: «Spør først Herren til råds!»
5. Då samla Israels-kongen profetane, fire hundre mann, og spurde dei: «Skal vi dra i krig mot Ramot i Gilead, eller skal eg la det vera?» Dei svara: «Far opp! Gud vil gje byen i kongens hender.»
6. Men Josjafat sa: «Er det ingen annan av Herrens profetar her som vi òg kunne spørja?»
7. Israels-kongen svara: «Det finst endå ein som vi kunne få til å spørja Herren. Men eg hatar han, for han profeterer aldri noko godt om meg, men alltid vondt. Det er Mika, son til Jimla.» Josjafat sa: «Kongen skulle ikkje tala så!»
8. Då ropa Israels-kongen på ein av hoffmennene og sa: «Skund deg og hent Mika, son til Jimla!»
9. Israels-kongen og Josjafat, Juda-kongen, sat i kongeleg skrud på kvar sin kongsstol, på ein treskjeplass ved byporten i Samaria, og alle profetane stod framfor dei og profeterte.
10. Sidkia, son til Kenaana, laga seg horn av jern og sa: «Så seier Herren: Med desse skal du stanga aramearane til det er ute med dei.»
11. Alle profetane profeterte like eins og sa: «Far opp mot Ramot i Gilead, så skal du ha lukka med deg. Herren vil gje byen i kongens hender.»
12. Sendebodet som hadde gått for å henta Mika, sa til han: «Høyr! Profetane seier med éin munn at det skal gå kongen vel. Lat no ditt ord vera som deira og spå godt, du òg!»
13. Men Mika svara: «Så sant Herren lever: Det min Gud seier, må eg tala.»
14. Då han kom fram, sa kongen til han: «Mika, skal vi dra i krig mot Ramot i Gilead, eller skal eg la det vera?» Han svara: «Far opp dit, så skal de ha lukka med dykk! Dei skal gjevast i dykkar hender.»
15. Men kongen sa til han: «Kor mange gonger skal eg la deg sverja på at du ikkje seier meg anna enn sanninga i Herrens namn?»
16. Då sa Mika: «Eg såg heile Israel spreidd utover fjella som sauer utan gjetar. Og Herren sa: Dei har ingen herre. Lat dei fara heim att i fred, kvar til sitt!»
17. Då sa Israels-kongen til Josjafat: «Var det ikkje det eg sa til deg? Han profeterer aldri noko godt om meg, berre vondt.»