2. Krønikebok 18:10-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Sidkia, son til Kenaana, laga seg horn av jern og sa: «Så seier Herren: Med desse skal du stanga aramearane til det er ute med dei.»

11. Alle profetane profeterte like eins og sa: «Far opp mot Ramot i Gilead, så skal du ha lukka med deg. Herren vil gje byen i kongens hender.»

12. Sendebodet som hadde gått for å henta Mika, sa til han: «Høyr! Profetane seier med éin munn at det skal gå kongen vel. Lat no ditt ord vera som deira og spå godt, du òg!»

13. Men Mika svara: «Så sant Herren lever: Det min Gud seier, må eg tala.»

14. Då han kom fram, sa kongen til han: «Mika, skal vi dra i krig mot Ramot i Gilead, eller skal eg la det vera?» Han svara: «Far opp dit, så skal de ha lukka med dykk! Dei skal gjevast i dykkar hender.»

15. Men kongen sa til han: «Kor mange gonger skal eg la deg sverja på at du ikkje seier meg anna enn sanninga i Herrens namn?»

16. Då sa Mika: «Eg såg heile Israel spreidd utover fjella som sauer utan gjetar. Og Herren sa: Dei har ingen herre. Lat dei fara heim att i fred, kvar til sitt!»

17. Då sa Israels-kongen til Josjafat: «Var det ikkje det eg sa til deg? Han profeterer aldri noko godt om meg, berre vondt.»

18. Mika sa: Så høyr då Herrens ord! Eg såg Herren sitja på kongsstolen sin, og heile himmelhæren stod på høgre og venstre sida hans.

19. Då spurde Herren: «Kven vil lokka Ahab, Israels-kongen, så han fer opp mot Ramot i Gilead og fell der?» Ein svara så og ein annan så.

20. Då gjekk ei ånd fram, stilte seg for Herrens andlet og sa: «Eg skal lokka han.» «Korleis?» spurde Herren.

2. Krønikebok 18