2. Krønikebok 17:6-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Med frimodig hjarte følgde han Herrens vegar, og han fjerna òg offerhaugane og Asjera-pålane frå Juda.

7. I det tredje styringsåret sitt sende Josjafat nokre av stormennene sine ut for å undervisa folket i Juda-byane. Det var Ben-Hajil, Obadja, Sakarja, Netanel og Mikaja.

8. Saman med dei sende han levittane Sjemaja, Netanja, Sebadja, Asael, Sjemiramot, Jonatan, Adonja, Tobia og Tob-Adonja, levittar alle saman, dessutan prestane Elisjama og Joram.

9. Når dei underviste i Juda, hadde dei Herrens lovbok med seg. Dei drog omkring i alle Juda-byane og underviste folket.

10. Ei redsle for Herren var komen over alle land og rike som låg kring Juda, så dei ikkje gjekk til krig mot Josjafat.

2. Krønikebok 17