2. Krønikebok 16:10-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Då vart Asa sint på sjåaren og sette han i arrest; så arg var han på han for dette. På den tida fór han òg hardt fram mot andre av folket.

11. Det som er å seia om Asa frå først til sist, står skrive i boka om kongane i Juda og Israel.

12. I det trettiniande styringsåret sitt fekk Asa ein sjukdom i føtene, og sjukdomen vart verre og verre. Men heller ikkje då han var sjuk, søkte han Herren, men berre legane.

13. Så gjekk Asa til kvile hos fedrane sine. Han døydde i det førtiførste styringsåret sitt.

14. Han vart gravlagd i den grava som han hadde late hogga ut for seg i Davidsbyen. Dei la han på ei seng fylt med krydra balsam og ymse salveblandingar. Så kveikte dei eit veldig bål til ære for han.

2. Krønikebok 16