2. Krønikebok 15:16-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Kong Asa tok jamvel frå Maaka, farmor si, dei rettane som følgde med det å vera kongsmor, fordi ho hadde laga eit fråstøytande bilete for Asjera. Han hogg biletet sund, knuste det og brende det i Kedron-dalen.

17. Men offerhaugane i Israel vart ikkje nedlagde. Likevel var Asa heilhjarta så lenge han levde.

18. Dei heilage offergåvene som far hans og han sjølv hadde gjeve, førte han til Guds hus. Det var både sølv og gull og anna tempelutstyr.

19. Det var ikkje krig før i det trettifemte styringsåret til Asa.

2. Krønikebok 15