2. Krønikebok 14:1-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Så gjekk Abia til kvile hos fedrane sine. Dei gravla han i Davidsbyen, og son hans, Asa, vart konge etter han. I hans dagar hadde landet ro i ti år.

2. Asa gjorde det som godt og rett var i auga til Herren hans Gud.

3. Han fjerna altara for framande gudar og offerhaugane, slo sund steinstøttene og hogg ned Asjera-pålane.

4. Han sa til judearane at dei skulle søkja Herren, sine fedrars Gud, og halda lova og boda.

5. Frå alle byane i Juda fjerna han offerhaugane og røykjelsesaltara. Og kongeriket hadde ro under han.

6. Asa bygde festningsbyar i Juda, for landet hadde ro. Ingen gjekk til krig mot han i desse åra, for Herren gav han fred.

2. Krønikebok 14