11. Kvar morgon og kvar kveld ber dei fram brennoffer for Herren og velluktande røykjelse, og dei legg fram brød på det reine bordet. Og kvar kveld kveikjer dei lampene på gull-lysestaken. For vi held pliktene våre mot Herren vår Gud; men de har forlate han.
12. Sjå, Gud er med oss, han går i spissen, og prestane hans blæs i trompetane og gjev krigssignalet mot dykk. Israelittar, strid ikkje mot Herren, dykkar fedrars Gud! For de kjem ikkje til å lukkast.
13. Imedan hadde Jeroboam late ein styrke gå rundt for å falla judearane i ryggen. Slik fekk judearane hæren framfor seg og bakhaldsstyrken i ryggen.
14. Då judearane snudde seg og fekk sjå at dei var utsette for åtak både framanfrå og bakanfrå, ropa dei til Herren, medan prestane bles i trompetane.
15. Så sette judearane i krigsropet. Då judearane ropa, lét Gud Jeroboam og heile Israel lida nederlag for Abia og judearane.
16. Israelittane rømde for judearane, og Gud gav dei over i deira hender.
17. Abia og hærfolket hans gav dei eit stort nederlag. Av Israels utvalde menn var det fem hundre tusen falne.