2. Krønikebok 10:9-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. «Kva rår de oss til å svara dette folket?» spurde han. «Dei har bede meg letta det åket far min la på dei.»

10. Då svara dei unge som hadde vakse opp saman med han: «Folket sa til deg: Far din la eit tungt åk på oss. Du må gjera det lettare for oss! Men slik skal du svara dei: Veslefingeren min er tjukkare enn midja til far min.

11. Far min la eit tungt åk på dykk, eg skal gjera det endå tyngre. Far min tukta dykk med sveper, eg skal tukta dykk med piggreimar.»

12. Tredje dagen kom Jeroboam og heile folket til Rehabeam, slik som kongen hadde bede dei om då han sa: «Kom hit att til meg om tre dagar!»

13. Kong Rehabeam gav dei no eit hardt svar. Han brydde seg ikkje om rådet dei gamle hadde gjeve han,

14. og svara slik dei unge hadde rådd han til: «Far min la eit tungt åk på dykk, eg skal gjera det endå tyngre. Far min tukta dykk med sveper, eg skal tukta dykk med piggreimar.»

15. Kongen høyrde ikkje på folket, for Herren hadde styrt det så for å oppfylla ordet han hadde tala til Jeroboam, son til Nebat, gjennom Ahia frå Sjilo.

16. Då kongen ikkje ville høyra på dei, gav heile Israel han dette svaret:«Kva for del har vi i David?Vi har ingen lut i Isai-sonen.Heim til telta dine, Israel!Syt no, David, for ditt eige hus!»Så fór alle israelittane heim att.

17. Rehabeam vart ikkje konge over andre israelittar enn dei som budde i byane i Juda.

18. Kong Rehabeam sende Hadoram til dei, han som hadde tilsyn med pliktarbeidet. Men israelittane steina han i hel. Rehabeam klarte å redda seg opp i vogna si og rømma til Jerusalem.

19. Slik gjorde Israel opprør mot Davids hus, og slik har det vore til denne dag.

2. Krønikebok 10