2. Korintar 9:5-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Eg syntest difor eg var nøydd til å be brørne fara til dykk på førehand og i god tid samla inn den gåva som de har lova. Så kan ho liggja ferdig som ei velsigning og ikkje som ei gniargåve.

6. Men det seier eg: Den som sparsamt sår, skal òg hausta sparsamt, og den som sår med velsigning, skal òg hausta med velsigning.

7. Kvar må gje det han har bestemt seg for i sitt eige hjarte, ikkje med ulyst eller av tvang. For Gud elskar ein glad gjevar.

8. Og Gud er mektig til å gje dykk alle gåver i rikt mål,så de alltid og i alle høve skal ha alt de treng,ja, ha overflod til all god gjerning.

2. Korintar 9