6. Men Gud, som trøystar dei nedbøygde, han trøysta oss med at Titus kom.
7. Ja, ikkje berre med at han kom, men òg med den trøysta han hadde fått hos dykk. Han fortalde korleis de lengta og sørgde, og kor brennande ivrig de står saman med meg. Dette gledde meg endå meir.
8. Om eg gjorde dykk sorgfulle med brevet mitt, så angrar eg ikkje. Først angra eg nok, for eg såg at brevet gjorde dykk sorgfulle, om så berre ei lita stund.
9. Men no er eg berre glad, ikkje fordi eg gjorde dykk sorgfulle, men fordi sorga dreiv dykk til omvending. For dette var ei sorg etter Guds vilje; difor har vi ikkje gjort dykk nokon skade.
10. Sorg som er etter Guds vilje, fører til omvending og frelse, og det angrar ingen. Men sorg som er av denne verda, fører til død.