2. Korintar 4:1-3 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Når vi ved Guds miskunn har fått denne tenesta, mistar vi ikkje motet.

2. Nei, vi har sagt frå oss alt hemmeleg og skammeleg; vi går ikkje fram med knep og forfalskar ikkje Guds ord. Men vi legg sanninga ope fram, og for Guds andlet stiller vi oss sjølve fram så alle menneske kan dømma oss etter sitt samvit.

3. Er vårt evangelium løynt, så er det løynt for dei som går fortapt.

2. Korintar 4