1. Det er no tredje gongen eg kjem til dykk. Etter ord frå to eller tre vitnes munn skal kvar sak vera avgjord.
2. Då eg var hos dykk andre gongen, åtvara eg dei som hadde synda. No når eg er borte frå dykk, åtvarar eg dei på nytt, og alle dei andre: Når eg kjem att, vil eg ikkje spara nokon.
3. For de krev prov på at Kristus talar i meg. Og han er ikkje veik mot dykk; han er mektig hos dykk.
4. For om han vart krossfest i veikskap, så lever han i Guds kraft. Vi òg er veike i han, men for dykkar skuld skal vi leva med han i Guds kraft.
5. Ransak dykk sjølve om de er i trua. Prøv dykk sjølve! Eller kjenner de ikkje at Jesus Kristus er i dykk? Kan det vera at de ikkje står dykkar prøve?
6. Men eg håpar de skal skjøna at vi har stått vår prøve.
7. Vi bed til Gud at de ikkje må gjera noko vondt. Ikkje for å visa at vi har stått vår prøve, men for at de skal gjera det som godt er. Så kan det gjerne sjå ut som om vi ikkje står vår prøve.
8. For vi maktar ingen ting mot sanninga, berre for sanninga.