1. Det er no tredje gongen eg kjem til dykk. Etter ord frå to eller tre vitnes munn skal kvar sak vera avgjord.
2. Då eg var hos dykk andre gongen, åtvara eg dei som hadde synda. No når eg er borte frå dykk, åtvarar eg dei på nytt, og alle dei andre: Når eg kjem att, vil eg ikkje spara nokon.
3. For de krev prov på at Kristus talar i meg. Og han er ikkje veik mot dykk; han er mektig hos dykk.
4. For om han vart krossfest i veikskap, så lever han i Guds kraft. Vi òg er veike i han, men for dykkar skuld skal vi leva med han i Guds kraft.
5. Ransak dykk sjølve om de er i trua. Prøv dykk sjølve! Eller kjenner de ikkje at Jesus Kristus er i dykk? Kan det vera at de ikkje står dykkar prøve?