2. Korintar 11:18-33 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. Men sidan det er så mange som gjer seg stolte av sine menneskelege fordelar, vil eg òg vera stolt.

19. De som er så kloke, toler vel folk som har mista vitet.

20. For de toler då at dei gjer dykk til slavar, at dei utnyttar dykk og fangar dykk, ser ned på dykk og slår dykk i andletet.

21. Med skam må eg vedgå at vi i så måte har vore altfor veike!Men det dei andre vågar – no talar eg i vanvit – det kan vel eg òg våga.

22. Er dei hebrearar? Det er eg òg. Er dei israelittar? Eg òg. Er dei av Abrahams ætt? Eg òg.

23. Er dei Kristi tenarar? Eg seier i mitt vanvit: Eg er det endå meir. Eg har hatt større strev, vore oftare i fengsel, fått langt fleire slag og mange gonger vore i dødsfare.

24. Av jødane har eg fem gonger fått dei førti slaga på eitt nær.

25. Tre gonger vart eg piska, ein gong steina, tre gonger leid eg skipbrot, og ein gong dreiv eg eit heilt døgn omkring på havet.

26. Ofte var eg på reiser, i fare på elvar, i fare mellom røvarar, i fare mellom landsmenn, i fare mellom utlendingar, i fare i byar, i fare i øydemark, i fare på hav, i fare mellom falske sysken,

27. i slit og strev, ofte i nattevaking, i svolt og tørste, ofte fastande og utan klede i kulden.

28. I tillegg til alt det andre har eg det som dagleg ligg på meg, omsorga for alle forsamlingane.

29. Kven er veik utan at eg òg blir veik? Kven fell ifrå utan at det brenn i meg?

30. Om eg likevel skal vera stolt, vil eg vera stolt av veikskapen min.

31. Gud, vår Herre Jesu Far, han som er velsigna i all æve, han veit at eg ikkje lyg!

32. I Damaskus sette landshovdingen til kong Aretas ut vakter fordi han ville gripa meg.

33. Men eg vart firt ned i ei korg frå ei luke i bymuren og slapp ut av hendene hans.

2. Korintar 11