2. Korintar 1:12-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. For det er vi stolte av, og det kan samvitet vårt vitna om: Vi har ferdast her i verda, og ikkje minst mellom dykk, i ein ærlegdom og reinleik som er av Gud. Vi har ikkje late oss leia av menneskeleg visdom, men av Guds nåde.

13. For det ligg ikkje noko anna i det vi skriv til dykk, enn det de kan lesa og forstå. Og eg håpar at de skal læra å forstå fullt ut

14. det som de no delvis har skjøna: at de skal vera stolte av oss, slik vi skal vera stolte av dykk på vår Herre Jesu dag.

15. I tillit til dette var det at eg ville koma til dykk først, så de skulle få dobbel glede.

16. Eg ville koma innom dykk både på reisa til Makedonia og på vegen attende derifrå. Då kunne de hjelpa meg vidare på reisa til Judea.

17. Gjekk eg ansvarslaust fram då eg planla dette? Eller legg eg planar slik menneske kan gjera, så eg seier både ja og nei på same tid?

18. Så sant som at Gud er trufast: Det vi seier til dykk, er ikkje samtidig ja og nei.

19. For Guds Son, Jesus Kristus, som vi har forkynt for dykk, eg og Silvanus og Timoteus, han var ikkje ja og nei; i han var det berre ja.

20. For alle Guds lovnader har fått sitt ja i han. Difor seier vi òg ved han vårt amen, Gud til ære.

21. Men den som grunnfester både oss og dykk i Kristus, og som har salva oss, det er Gud.

22. Og han har sett sitt segl på oss og gjeve oss Anden til pant i hjarta våre.

23. Eg kallar Gud til vitne; det er sanning i mi sjel: Det er for å spara dykk at eg ikkje hittil har kome til Korint.

24. For vi vil ikkje vera herrar over trua dykkar, men medarbeidarar så de kan finna gleda. For i trua står de støtt.

2. Korintar 1