2. Kongebok 9:25-37 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

25. Då ropa Jehu til Bidkar, våpenberaren sin: «Ta og kast han inn på den marka som høyrde Nabot frå Jisreel til. Kom i hug korleis eg og du reid side om side etter Ahab, far hans, den gongen Herren tala dette domsordet mot han:

26. Sanneleg, i går såg eg blodet til Nabot og sønene hans, seier Herren. Og det vil eg gje deg att for på denne marka, seier Herren. Ta no og kast han inn på marka, som Herren har sagt.»

27. Då Ahasja, kongen i Juda, såg dette, flykta han i retning Bet-ha-Gan. Men Jehu følgde etter han og ropa: «Han òg!» Og dei slo han ned medan han sat i vogna si, i Gur-passet ved Jibleam. Han flykta til Megiddo, og der døydde han.

28. Kongens menn køyrde han til Jerusalem og la han i ei grav hos fedrane hans i Davidsbyen.

29. Ahasja hadde vorte konge i det ellevte styringsåret til Joram, son til Ahab.

30. No kom Jehu til Jisreel. Då Jesabel høyrde det, sminka ho auga, pynta seg på hovudet og såg ut gjennom vindauget.

31. Då Jehu kom inn gjennom byporten, ropa ho: «Kjem du i fredeleg ærend, du Simri som har drepe herren din?»

32. Jehu såg opp mot vindauget og sa: «Er det nokon her som held med meg?» Då to–tre hoffmenn såg ut gjennom vindauget,

33. ropa han: «Kast henne ned!» Og dei kasta henne ned så blodet spruta opp etter veggen og på hestane, som trødde henne under fot.

34. Så gjekk Jehu inn. Då han hadde ete og drukke, sa han: «Sjå til å få denne forbanna kvinna gravlagd! Ho var då ei kongsdotter.»

35. Men då dei kom og skulle gravleggja henne, fann dei ikkje anna enn hovudskallen, føtene og hendene.

36. Dei vende attende og fortalde dette til Jehu. Då sa han: «No er det oppfylt, det ordet som Herren tala gjennom tenaren sin, Elia frå Tisjbe, då han sa: På Jisreels mark skal hundane eta opp kjøtet av Jesabel.

37. Liket hennar skal liggja som gjødsel på jorda i Jisreel, og ingen skal kunna seia: Dette er Jesabel.»

2. Kongebok 9