2. Kongebok 9:13-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Då skunda dei seg, tok kvar si kappe og la under han på trappestega. Så bles dei i horn og ropa: «Jehu er konge!»

14. Slik fekk Jehu, son til Josjafat, son til Nimsji, i stand ei samansverjing mot Joram. Kong Joram og heile Israel hadde forsvara Ramot i Gilead mot aramearkongen Hasael.

15. No hadde Joram vendt attende til Jisreel og ville få lækt såra som aramearane hadde gjeve han då han kjempa mot Hasael, kongen i Aram.No sa Jehu: «Vil de som eg, så lat ingen sleppa ut av byen og gå til Jisreel for å fortelja om dette.»

16. Så steig Jehu opp i vogna si og køyrde til Jisreel, der Joram låg sjuk. Kongen i Juda, Ahasja, var komen dit ned; han ville sjå til Joram.

17. Då vaktmannen som stod oppi tårnet i Jisreel, fekk sjå Jehu koma med flokken sin, ropa han: «Eg ser ein heil flokk!» Joram svara: «Få tak i ein ryttar og send han for å møta dei; han skal spørja om dei kjem i fredeleg ærend.»

18. Ryttaren reid til møtes med dei og ropa: «Kongen spør: Kjem de i fredeleg ærend?» Jehu svara: «Kva skil det deg om vi kjem i fredeleg ærend? Snu om og følg etter meg!» Då sa vaktmannen frå: «Bodberaren har nådd fram til dei, men han kjem ikkje tilbake.»

19. Så sende kongen ein annan ryttar. Då han kom fram til dei, ropa han: «Kongen spør om de kjem i fredeleg ærend.» Jehu svara: «Kva skil det deg om vi kjem i fredeleg ærend? Snu om og følg etter meg!»

20. Vaktmannen melde: «Han har nådd fram til dei, men kjem ikkje att. Og dei køyrer som Jehu, son til Nimsji. Han køyrer som ein galen!»

21. Då sa Joram: «Spenn føre!» Og dei spente føre vogna hans. Så køyrde dei ut i kvar si vogn, Joram, kongen i Israel, og Ahasja, kongen i Juda. Dei køyrde mot Jehu og møtte han på den marka som hadde høyrt Nabot frå Jisreel til.

22. Då Joram fekk auge på Jehu, ropa han: «Kjem du i fredeleg ærend, Jehu?» Han svara: «Korleis kan eg koma i fredeleg ærend så lenge Jesabel, mor di, framleis driv hor og held på med alle trolldomskunstene sine?»

23. Joram snudde vogna og flykta. Han ropa til Ahasja: «Dette er svik, Ahasja!»

24. Men Jehu spente bogen, og han råka Joram mellom armane så pila gjekk rett gjennom hjartet, og han seig saman i vogna.

25. Då ropa Jehu til Bidkar, våpenberaren sin: «Ta og kast han inn på den marka som høyrde Nabot frå Jisreel til. Kom i hug korleis eg og du reid side om side etter Ahab, far hans, den gongen Herren tala dette domsordet mot han:

2. Kongebok 9